Samspill og avstand
PACEM 7:2 (2004),
s. 169-182
ISSN 1500-2322
©
Feltprestkorpset
Eit møte med austleg ortodoks
spiritualitet, slik ikonane formidlar
den
av Øystein Flø
Hausten 2003 hadde eg gleda av å
vere med på ein fire vekers studietur til dei fleste av dei nye
statane som det tidlegare Jugoslavia no er delt i. Denne artikkelen
skal ikkje handle om krigane og konfliktane i det tidlegare
Jugoslavia, likevel vil eg starte med inntrykka frå vårt
første verkelege møte med krigens øydelegging og
gru i Vukovar. Denne byen ligg i Kroatia, heilt mot aust, med
Serbia rett på den andre sida av Donau. Grunnen til at
øydeleggingane var særleg omfattande her, er at byen
vart erobra to gonger, først av serberane («ortodokse»)
i 1991 og sidan gjenerobra av kroatane («katolikkar») i
1995. Vi kom til Vukovar frå Osijek og på vegen dit var
vi innom den vesle byen Aljmasj med dei sørgelege restane av
ei katolsk kyrkje som ikkje berre var øydelagt, men
fullstendig rasert. Her var det reist eit minnesmerke som tydeleg sa
at dette skjedde i 1991, da serberane erobra området og folket
i byen flykta. No var folket komne attende og like ved sida av den
gamle kyrkjetomta vart det no bygd ei ny moderne katolsk kyrkje.
Like utanfor Vukovar besøkte vi ei lita ortodoks
kyrkje, St. Petkas kyrkje, og dagen etterpå den storslåtte
katolske katedralen i Djakovo.
Historia til desse tre kyrkjehusa som vi besøkte
i løpet av desse to dagane illustrerer eit viktig poeng som
vart enda klarare for oss gjennom opplevingar seinare på turen,
særleg i Banja Luka og i Mostar og ikkje minst i all si gru i
Kosovo: Gudshusas betydning for å markere styrke, for å
markere og utvide kulturelle innflytelsessfærer og dermed
indirekte styrke politiske krav eller idear.
Både Katedralen i Djakovo og St Petkas kyrkje ligg
i eit grenseområde, og er såleis særleg viktige. I
dette tilfellet talar vi om grenseområdet mellom vestleg
romersk-katolsk kultur og den austlege serbisk-ortodokse, som igjen
er ein arvtakar etter den byzantinske kristne gresk-romerske kulturen
frå Konstantinopel. (Lenger sør i Jugoslavia vart
forholda enda meir kompliserte ved at også den muslimske
kulturen har vorte ein ekte innfødd kultur, særleg i
Bosnia og Kosovo. Dette skjedde i løpet av fleire hundre år
med militær, kulturell og økonomisk dominans frå
det verdsriket som i 1453 knuste det byzantinske riket ved Bosporos,
nemleg det ottomansk-tyrkiske.)
St Petkas ortodokse kyrkje var den
eldste av dei tre kyrkjene, men dette var tredje gongen ho hadde
vorte øydelagt og vorte bygd opp igjen etter ein krig. Alt da
kyrkja vart bygd, var det strid om kven som skulle få byggja
kyrkje på denne staden. Det var i 1804 at St Petka skal
ha openberra seg for ein blind gjetar på denne staden og gjeve
han synet igjen. Dette vart oppfatta som eit teikn på at staden
var heilag og folk tok til å valfarte til staden. Etter kvart
vart det eit krav om at det måtte byggjast ei kyrkje på
staden og det vart strid om det skulle vera ei katolsk eller ortodoks
kyrkje. Til slutt vart den salomoniske dommen frå
myndighetene (som eg reknar med at representerte den austerrikske
keisaren på denne tida) at den religionen som først
hadde sett opp ein kross på staden (det vil seie først
anerkjent staden som heilag) skulle få byggje kyrkja. Difor
vart ei ortodoks kyrkje bygd, og difor var det òg så
viktig for dei ortodokse å byggje kyrkja opp att etter kvar
gong ho vart øydelagt, og kanskje særleg no, når
dei fleste ortodokse serberar har flykta frå området.
Katedralen i Djakovo vart bygd i
1870-åra (innvigd 1882) under den kjende biskop Strossmayer.
Han var kroat og pan-slavist og arbeidde for slavisk
kulturreising. Ved grava hans såg vi ei minneplate som uttrykte
takksemd frå bulgarane for hans innsats for å ta vare på
deira kultur, og tolken vår, ein kroat, gav utrykk for kva han
betydde for kroatane. Det same gjorde statuen av han utanfor kyrkja.
Politisk arbeidde han for slavisk samling, og for likestilling med
Austerrike og Ungarn som eit trippelmonarki i staden for
dobbeltmonarkiet. Religiøst arbeidde han òg for slavisk
samling. På det første vatikankonsilet tala han om våre
brødre protestantane og han tala mot å vedta pavens
ufeilbarlighet som eit dogme, for dette ville jo gjera det økumeniske
arbeidet som han såg for seg langt vanskelegare. Han arbeidde
òg for religiøs samling gjennom at han sørga for
at det blei heldt messer på gammalslavisk. Men dette peikar da
fram mot ei samling på vestlege/romerske premisser – at
dei ortodokse kunne bli katolikar med austleg ritus. Den katedralen
han bygde var jo også eit skuleeksempel på eit vestleg
kyrkjebygg.
Dei fire medaljongane i taket
over altaret i katedralen i Djakovo viser dei fire viktigaste
kyrkjefedrene i vestleg katolsk tradisjon: Augustin, Ambrosius,
Hieronimus (som omsette Bibelen til latin) og Leo den store (den
første som gjorde krav på å vera universell
overbiskop som pave, dvs biskop av Roma)

Katedralen
i Djakovo
Eit typisk vestleg kyrkjebygg i spenninga
mellom lovnad og oppfylling
Her er kyrkjelyden omgjeven av store forteljande
bilete av fortidas hendingar i Det gamle og Det nye testamentet. Det
er desse hendingane som har endra menneskas historie og gjort frelsa
muleg. Dei er ordna slik at vi kan sjå eit typologisk mønster
i korleis Gud grip inn i historia. Det gamle testamentet fortel om
korleis menneska igjen og igjen fell i synd, men og om korleis Gud
gjennom sine profetar lovar menneska frelse. I Det nye testamentet
blir desse lovnadane oppfylt på ein uventa måte –
Gud sjølv blir menneske og lever på jorda, døyr
på korset og sprenger dødens lenker i oppstoda.
Håpet om den himmelske herlegdomen er
noko som kyrkjelyden ser fram mot i framtida. Dette håpet er
billedmessig uttrykt i apsiden i koret, bak og over altaret. Her ser
vi Kristus som kronar Maria, som her representerer den sigrande
kyrkja.
Det er ikkje tilfeldig kva scener frå
Det gamle testamente som er teke med. Ved
sida av skapinga og syndefallet er det dei som i særleg grad
er typologiske personar og hendingar som peikar fram mot Kristus:
Noas ark, Abrahams offer, David som vert salva til konge og som
sigrar over Goliat, Moses som vert berga opp av vatnet og som tek
imot dei ti bodorda eller som
på bildet ved siden av, Josef som vert seld av sine brør
for sølv, men som gjennom denne fornedringa blir deira
frelsar, slik som Jesus vart seld og gjennom det vart menneskas
frelsar.


St.
Petkas ortodokse kyrkje
Å tre inn mellom dei heilage, nyskapte
menneska i Guds bilde, i den skapte æva.
Eit heilagt menneske er eit menneske som er
blitt så gjennomlyst av Guds energi eller nåde at
Gudsbiletet er vorte synleg for andre. Gjennom å sjå og
ære ikonane, bileta av desse
menneska, kan vi i den ortodokse kyrkja møte denne Guds
energi. Den set oss i stand til å begynne vandringa eller
oppstiginga til den himmelske herlegdomen. Når eit menneske
som er skapt i Guds bilete blir vekt og lokka av Den heilage Ande
til å stige opp til dei heilage i himmelen, da har det også
nådd fram til å bli “Guds likning” eller
hans ikon.
Inkarnasjon og teosis, dette at Gud blei
menneske for at menneska skulle bli
guddommeleggjort, er dei sentrale tema i ortodoks teologi. Dette er
grunnen til at Maria, Guds mor, står så sentralt. Ho er
avbilda med barnet på fanget bak altaret. Ho var den som bar
Gud inn i vår verd og på henne er også menneskas
mål eksemplifisert i hennar himmelfart. Inkarnasjonen blir
feira og gjenteke i nattverden, og gjennom den kan òg
menneska, i og ved Kristus, få del i oppstiginga som fører
menneska til himmelen.
Dei ikonane som møter oss når vi
går inn i kyrkja, er for det første St. Petka,
som kyrkja er vigd til, og som openbarte seg og gjorde staden
heilag. Ho er flankert av kong Lazar, som døydde i slaget på
Kosovo polje i 1389 i kamp mot den ottomanske sultanen. På den
andre sida ser vi St. Georg i full rustning, som og gjennom tidene
ofte har inspirert til krigersk kamp mot «det kristne Europas»
og Serbias fiendar.
Austleg eller vestleg
spiritualitet, evighet eller historie
I artikkelen «Den østlige
og vestlige spiritualitet Om den østlige og vestlige kirkes
fromhetsliv slik det ytrer seg i bilder»
viser Gunnar Danbolt korleis det er ulike program for utsmykking av
kyrkjer i aust og vest og at dette heng saman med ulik tenking om
liturgiens oppgåve og uttrykk.
Det klassiske vestlege kyrkjebygg er langkyrkja med
bilete frå Det gamle testamentet på nordveggen og frå
Det nye testamentet på sørveggen. Dette kyrkjebygget
plasserer mennesket i historia ved at det framstiller ei historie om
Guds lovnader i den gamle pakta og oppfyllinga av desse i Jesu
historiske liv og død på ein konkret tid og stad i
fortida, men òg her og no i nattverden framme på
altaret. Men samtidig gjev også begge desse oppfyllingane av
Guds lovnader, nye lovnader for framtida: om eit evig bordfellesskap
med Gud i himmelen. Slik blir historia tolka typologisk, og det
mennesket som går inn i ei vestleg kyrkje blir, gjennom kyrkjas
formidling, eit menneske i historia, plassert inn i ei bestemt
historisk epoke og på veg mot eit mål, ei framtid.
Gjennom at eit menneske får sjå sitt liv i lys av den
bibelske historia eller i lys av bibelske personar eller hendingar
får det einskilde menneskes liv og historie betydning, det blir
ein del av ein samanheng. Kva eit menneskes liv eller ei historiske
hending betyr kan vi aldri fullt ut forstå eller uttolke. Nye
tider og nye hendingar kan gje oss ei ny og djupare forståing
av vårt liv og vår fortid, men den endelege meininga blir
først klar i himmelens framtid:
Denne dynamisk-typologiske oppfatning av
historien og dens aktører og begivenheter innebærer at
vi aldri kan komme til bunns i fortiden, fordi fortiden aldri
avsluttes før nåtid og fremtid går opp i
evigheten.
I motsetning til dette vestlege utsmykkingprogrammet og
tenkemåten som er historisk, er det evigheten som er det
sentrale i det som ei ortodoks kyrkje gjennom sitt
utsmykkingsprogram vil uttrykke. Det typiske austlege kyrkjebygg
er eit krosskuppelbygg som ikkje leder blikket framover mot framtida,
men oppover, mot kuppelen. Der tronar Kristus som allherskaren. Han
er på ein måte utanfor kuppelen, men ser ned på
menneska på kyrkjegolvet. Medan det korsforma kyrkjerommet
både symboliserer Kristi kors og dei fire himmelretningane, med
andre ord jorda, symboliserer kuppelen himmelsfærane, der
englane, Maria – Guds mor og dei mange heilage lever. Dei lever
i den skapte evigheten som vi må forstå som eit nivå
mellom tida, som vi menneske lever i, og den uskapte evigheten som
berre Faderen, Sonen og Den Heilage Ande lever i.
For at
menneska skal bli guddommeleggjort
Eit ortodoks kyrkjehus uttrykker at
Gud vil møte dei menneska som er komne til kyrkja med sin
kjærleik og sin guddommelege energi eller nåde. Det er
denne nåden som strøymer ut frå Kristus, og som
blir formidla gjennom personane i kuppelen: Nåden er verksam
gjennom englane og i Maria. Han trer synleg fram gjennom dei sentrale
hendingane i Jesu liv, som er skildra i festdagsikonane og som
evangelistane har skrive om i evangeliet. Det er denne nåden
som har nyskapt liva til apostlane og alle
dei heilage som vi ser på veggane og på ikonostasen
(skranken mellom kyrkjerommet og altarpartiet i kyrkja som gjerne er
heilt dekt med ikonar). Gjennom dåpen og nattverden som blir
forretta i kyrkjerommet, kjem nåden òg til alle i
kyrkjelyden og vekkjer vår lengsel etter det vakre, gode og
sanne. Denne lengselen kalla Platon eros,
den kan i si enklaste form vera retta mot andre menneseke, men har, i
si høgaste form, Gud sjølv som mål.
Gjennom møtet mellom Guds energi
eller nåde og menneskets
eros
blir mennesket selv i stand til å begynne den vandring,
oppstigning eller anabasis
som i den østlige spiritualitet utgjør broen mellom det
falne mennesket og den fullkomne Gud.
Gjennom denne oppstiginga blir det
mulig å sjå også dei menneska som står på
kyrkjegolvet som ikon, skapte i Guds bilete og no ved Guds nåde
nyskapte i Guds lys. Slik blir sjølve kyrkjebygget til eit
tredimensjonalt ikon av heile Guds verd. Den figurative utsmykkinga
på veggane sluttar i skulderhøgd, og den
gudstenestefeirande kyrkjelyden blir slik nedste delen i dette
tredimensjonale ikonet.
Grunnlaget for at kyrkjelyden på jorda kan ta del
i oppstigninga og feira gudsteneste saman med dei heilage i himmelen,
er at Gud først steig ned og vart menneske i Marias morsliv.
Difor står Maria så sentralt i utsmykkinga, det var
gjennom henne at Kristus steig ned, og på henne er òg
formålet med at Kristus kom eksemplifisert, nemleg at menneska
skulle stige opp til Gud. Som kyrkjefaderen
Ireneus (ca 140-202) seier det: «Gud kom ned til menneskene for
at menneskene skulle bli guder».
Maria-biletet står gjerne i taket eller i apsiden over altaret,
gjennom dette vert den nære samanhengen mellom inkarnasjonen og
vidareføringa av denne gjennom nattverden synleggjort.
«Metaforisk»
eller «metonymisk» forståing av teikna
Gunnar Danbolt seier at heile den
ortodokse spiritualiteten, slik den kjem til uttrykk
både i kyrkjeutsmykkinga, i teologiske refleksjonar og i dei
mange helgen-vitae er sentrert rundt denne forteljinga – myten
om nedstiginga og oppstiginga, som har nattverdens innstiftingsord
som kjerne. Forståinga av nattverden og av menneskas helging
(teosis) verkar inn på kvarandre og utgjer ei felles forteljing
eller myte. Liksom innstiftingsorda påstår at brødet
er Jesu
lekam, slik er
ikonane Guds lysande openbaring av seg sjølv i Kristi og hans
heilages liv. Denne samanhengen kallar Danbolt eit metaforisk
forhold mellom biletet og det som er avbilda:
Når presten, i Jesu rolle tar et brød
og en kalk med vin og leser innstiftelses-ordene, blir brødet
og vinen forvandlet til Jesu legeme og blod. Ikke metonymt,
for brødet og vinen «står ikke for»,
«representerer ikke», Jesu legeme og blod – de ér
det. Og da er metonymien erstattet av metaforen, for metaforisk er
ord og ting ett. Brødet er
Gud, og Gud er
brød. Det som utvirker dette metaforiske forhold er myten –
fortellingen om hvordan Jesus gikk frem under den første
nattverd.
I denne «myten», om
nattverden og om korleis Gud og menneske blei eitt i Kristi
inkarnasjon og korleis denne når sitt mål når
menneske blir sameint med Jesus i himmelen er Gud både
utgangspunkt og endepunkt: Guds lysande herlegdom skal gjennomlyse
alle dei truande, slik at dei blir innfanga av det uskapte lyset og
omskapt til levande, lysande ikonar. Metaforen påstår
identitet og den som brukar dette språket oppfører seg
som om denne identiteten er realiteten, slik byggjer heile den
ortodokse spiritualiteten på ei metaforisk forståing av
teikna. Orda (i truvedkjenninga) og ikonane har vorte eitt med
det som dei står for og kan difor ikkje endrast, i alle fall
ikkje til noko betre.
Også den vestlege kyrkja (i alle fall den katolske
og lutherske) har eit metaforisk tyngdepunkt i si gudsteneste
i nattverddelen. Her blir det uforanderlege gjenteke og brødet
og vinen formidlar Kristi nærvær på same måte
til alle menneske uavhengig av historisk eller kulturell situasjon.
Men samtidig har den vestlege gudstenesta eit anna metonymisk
tyngdepunkt i den historieforståinga som skriftlesing og preike
presenterer for kyrkjelyden. Her må Guds lovnader og handlingar
med menneske i fortida stadig aktualiserast på nytt for
menneske som lever i nye historiske og kulturelle samanhengar. Her
kan ein aldri nøye seg med å seie det same som har vore
sagt før. I metonymien er det aldri fullt samanfall mellom
utrykket og det som det står for, difor må ein stadig
søkje etter nye uttrykksmåtar. Når punktum er sett
for preika, er det alltid berre eit førebels punktum, neste
søndag må det gjerast eit nytt forsøk på å
seia det som vi aldri kan få sagt eller forstå fullt ut
og på å relatere dette til det faktiske livet som
menneska i kyrkjelyden lever her og no i sin historiske situasjon.
Det går an å sjå heile reformasjonen i
dette perspektivet, som eit forsøk på å
aktualisere evangeliet for menneske som levde i ein ny kulturell
situasjon. Særleg tydeleg blir dette i den reformerte eller
hugenottiske rørsla i Europa og seinare i Haugerørsla i
Norge: kampen for religiøse rettar gjekk hand i hand med
kampen for ein ny måte å leva på, i sosial og
økonomisk forstand. Reformasjonen (og haugianismen) var ikkje
først og fremst eit oppgjer med den katolske(/Den norske)
kyrkjas forfall, eller ei tilbakevending til den opphavlege
kristendommen, men eit typisk uttrykk for den vestlege
kristendomsforma, som ser det som positivt og legitimt å finne
nye uttrykk for trua i nye og endra samfunnsforhold. Slik
ser også dei ortodokse dei ulike protestantiske kyrkjesamfunna
som vidareføringar av nettopp den mentaliteten som skil den
romerske kyrkja frå dei ortodokse: «Protestantism was
hatched from the egg which Rome had laid»
Kva kan vi
lære av dei ortodokses bruk av ikonar
Til slutt vil eg i tre små
kapittel reflektere litt over kva vi som kyrkje og som
einskildmenneske kan lære av dei ortodokse sin bruk av ikonar.
Eg legg då til grunn at det går an å ta i bruk og
sjå på ikonane som eit legitimt og godt visuelt uttrykk
for den kristne trua utan at vi treng å sjå på dei
som det einaste legitime uttrykket. Det går an å bruke
ortodokse ikonar både i kyrkjer og i heimar og gjerne kombinere
dei med andre bilete eller symbol med eit kristent innhald og det går
an å la seg inspirere av ortodoks ikonmåling til å
lage nye bilete i ein friare stil.
Eit godt vestleg og luthersk uttrykk og grunngjeving for
ei slik haldning finn vi den såkalla Nairobi-erklæringa
om gudstenesteliv og kultur, frå den tredje internasjonale
konferansen som Det lutherske verdsforbundets studiegruppe for
gudstenesteliv og kultur heldt i Nairobi i Kenya i januar 1996. Her
heiter det i artikkel 5 om Tverrkulturelt gudstenesteliv:
Jesus kom for å være alle
folkeslags frelser. Han ønsker alle de jordiske
kulturers skatter velkommen inn i Guds by. På dåpens
grunn er det én kirke, og en måte å leve i troskap
mot dåpen på er å betone kirkens enhet stadig
sterkere. Gjennom utveksling av salmer, kunst (mi utheving) og andre
elementer fra gudstjenestelivet på tvers av kulturelle
skillelinjer, berikes hele kirken og styrkes opplevelsen av communio
innenfor kirken. Denne utvekslingen kan være både
økumenisk og tverrkulturell, som et vitnespyrd om kirkens og
dåpens enhet.
Ta
synssansen på alvor
I Matt 13,16-17 seier Jesus:
Men sæle er dykkar augo som ser, og
dykkar øyro som høyrer! Eg seier dykk for sant: Mange
profetar og rettferdige har lengta etter å sjå det som de
ser, men fekk ikkje sjå det og høyra det som de høyrer,
og fekk ikkje høyra det.
Theodore av Studios (759-826 –
ein av dei teologane som gjorde mest for at bruken av ikonar vart
allment godteke i den byzantinske kyrkja) argumenterer ut frå
dette skriftordet med at augo kjem først og at synssansen
difor er viktigare enn hørsla.
Dette er eit syn som moderne pedagogikk i høg grad stadfester,
og særleg det som var sjølve hovudpoenget i Theodores
argumentasjon: at formidling er særleg effektivt når både
syn og hørsel verkar saman slik det naturlegvis gjorde det for
dei som først såg og høyrde Jesus (1 Joh 1,3).
No vil eg på ingen måte
nekte at det går an å preike, slik at det skapast indre
bilete i tilhøyrarane og gjennom ord «måle den
krossfesta Kristus for augo» (Gal 3,1) på tilhøyrarane.
Men for at den verbale forkynninga skal kunne lage slike indre
bilete hos menneske må dei, ein eller annan gong, ha fått
inn noko gjennom synssansen òg, slik at dei har materiale til
å sette saman sine eigne indre bilete. Dessutan er det ikkje
slik, som ikonoklastane meinte, at desse indre bileta blir mindre
verdifulle dersom dei blir teikna ned. Tvert om, då kan dei bli
delt med andre og gjennom det korrigert, ved at kyrkja som fellesskap
får ei fordjupa forståing av det Den Heilage Ande vil
seia oss.
«Det eg høyrer gløymer
eg, det eg ser hugsar eg, men det eg gjer pregar meg» heiter
det i eit pedagogisk ordtak. Denne pedagogikken har dei
ortodokse i høgste grad teke i bruk. Ikonane inviterer ikkje
berre til passiv observasjon, men til aktiv deltaking. Først,
for barna og dei urøynde til å korse seg, tenne lys
eller røykjelse framfor ikonet, men sidan vil denne ytre
aktiviteten også lede til ein indre aktivitet, der ein
mediterer over det, eller rettare sagt Han, som ikonet representerer.
Den gjennomførte roa som pregar ikonane er ikkje
passiviserande, men medrivande. Ikonane tek oss med inn i denne roa,
og vi blir ein del av den.
Ta den
allmenne kyrkjas tru på alvor
Ei ortodoks legende eller myte fortel
at ikonkunsten kan førast attende til evangelisten
Lukas, som både i ord og bilete framstilte Maria. Liksom det
stadig har vorte laga nye, nøyaktig avskrivne, kopiar av hans
evangelium etter som dei eldre vart utslitne, slik har òg
ikonet av Maria som med si høgre arm peikar mot Jesusbarnet på
hennar venstre arm («Guds Mor Hodgetria» –
vegvisaren), stadig på nytt vorte kopiert, men vi kan framleis
like tydelig sjå korleis Maria og barnet opphavleg såg
ut. No er det ikkje nødvendig å ta denne myten
bokstaveleg for å kunne samstemme i det som legenda vil
uttrykke, nemleg at ikonane er inspirerte av Den Heilage Ande. Sjølv
om vi ikkje vil tilleggja dei same grad av inspirasjon som Bibelen
(som ei bokstaveleg tolking av legenda kunne leggja opp til, men som
heller ikkje ortodoks teologi vil hevde), så må vi i alle
fall kunne rekne dei som inspirerte på same måten som god
forkynning i samsvar med Bibelen vil vera det.
Vi var i kapitlet om metaforisk og
metonymisk forståing av teikna inne
på at det er eit kjenneteikn ved den vestlege kyrkja at ho
aldri har slege seg til ro med eitt uttrykk for trua, fastsett ein
gong for alle. Forkynninga må stadig på nytt søkje
etter meir relevante uttrykk i nye historiske og kulturelle
samanhengar. Det er ikkje berre språket som endrar seg, nye
omsetjingar er ikkje nok, når kulturen endrar seg må også
nye ordbilete og tankebanar nyttast i fortolkinga av Bibelen, slik
som vi ser det i forkynningas og teologiens historie. Likevel er det
ein risiko for at nye fortolkingar kan koma til å få ei
slik eigenvekt og tyngde at dei leier bort frå den bodskapen
som profetar og apostlar ein gong for alle har bore fram. Difor har
kyrkja i tillegg til Bibelen også heldt fram noen historiske
utleggingar av denne som uttrykk for kyrkjas vedkjenning og pålagt
dei som skal tolke den Kristne bodskapen i nye tider å bruke
desse som orienteringspunkt for si aktuelle forkynning. Det
er dette som er den grunnleggjande funksjonen til
vedkjenningsskriftene, ikkje å fastsette dei endelege og
objektive uttrykk for sanninga om Gud, men å vera «communal
autoritative rules of discourse, attitude and action»
Ein slik måte å tenkje på er òg i samsvar
med den lutherske vedkjenninga sjølv:
Men desse symbola og vedkjenningsskriftene er ikkje domarar på
same måten som Den heilage Skrifta, men berre vitnesbyrd om tru
og forklaringar som viser korleis Den heilage Skrifta, med omsyn på
omstridde spørsmål, har vorte tolka og forklart i Guds
kyrkje gjennom ulike tider av dei som då levde.
Det er noko veldig tiltalande ved den ortodokse kyrkjas
forståing av kyrkjas vedkjenning og av forholdet mellom Skrift
og vedkjenning. Det er ingen ytre autoritet, verken pave eller
kyrkjemøte som kan fastsette kyrkjas lære. Men dei lit
på Jesu løfte om at Den Heilage Ande vil rettleie kyrkja
fram til heile sanninga. (Joh 16,12-13). Sjølv om både
pavar, biskopar og kyrkjemøte kan gå feil, vil den rette
læra vera det som blir ståande i de lange løp i
kyrkja. Eg meiner det går an å kombinere denne tanken med
ein vestleg tankegang om nye tider og nye tolkingar, slik at kyrkja
både i sitt gudstenesteliv og i si forkynning elles kan leve i
ei fruktbar spenning mellom det som er eintydig og det som er
førebels. Nettopp i denne spenninga vil det som har stått
si prøve gjennom hundrevis av år, vera verd å ta
med seg og bruke som navigasjonspunkt også i nye og ukjent
farvatn. Når det gjeld den verbale forkynninga kjem spenninga
mellom det som er førebels og det som er fastsett ein gong for
alle fram i forholdet mellom truvedkjenninga og preika, når det
gjeld den visuelle forkynninga vil forholdet mellom ikonar og annan
religiøs kunst ha noko av det same forholdet.
Det er klart det er både legitimt og nødvendig
å bruke eit mangfald av visuelle uttrykk i forkynninga, slik vi
ser at den vestlege kyrkja har gjort gjennom tidene. Til og med dei
reformerte kyrkjene har gått bort frå sitt opphavelege
ikonoklastiske standpunkt og teke til å la bilete frå
hendingane i evangeliet bli framstilt på veggane i sine
kyrkjehus. Eg meiner som sagt at kyrkja må bli meir frimodig i
å ta bruke visuelle uttrykk i forkynninga, ikkje berre for
barn, men òg for vaksne.
Det kan likevel vera eit problem når forkynninga
blir konservert på kyrkjeveggane, for om ein generasjon eller
to kan den bli opplevd som uaktuell, eller til og med støytande.
Eg er sikker på at om vi i dag fekk framført, til og med
dei beste, av dei preikene som vart heldt i våre kyrkjer for
hundre år sidan ville det vera mykje der vi ville reagere
negativt på, sannsynlegvis så mykje at vi ville ha
vanskar med å ta til oss bodskapen. Men om
eit kunstverk som står i ei kyrkje, er hundre år gamalt,
men i dag til dømes blir opplevd som alt for sentimentalt, så
vil riksantikvaren med lova i hand stogge den kyrkjelyden som ønskjer
å gjera noko med den visuelle forkynninga i kyrkja, enten det
handlar om å gjera den meir aktuell og moderne i forma eller
meir i samsvar med kyrkjas nedarva tru i bodskapen.
Her er det noe å lære av dei ortodokse, som
har dyrka fram ein kristen kunst som kan opplevast som tidlaus, heva
over skiftande moteretningar. Utan nødvendigvis å
kopiere denne, er det ein svært viktig referanse å ha med
for den som får som oppdrag å utsmykke ei kyrkje, der
kunsten skal klinge saman med og gje klangbotn til kyrkjelydens
forkynning og gudstenestefeiring i kanskje fleire hundre år
framover i tida. Det som trengs for den som vil
skape eit slikt kunstverk er det som Henrik von Achen kallar: «En
selvfølgelighet i ’talen om Gud’, en nesten naiv
uanfektethet; en entydighet i kraft av kirkens tro.»
I kraft av at dette er uttrykk for kyrkjas
tru som har stått sin prøve gjennom hundrevis av år,
vil ikonane stadig på nytt kunne opplevast som aktuelle.
Ta Guds
nådes nyskapande kraft på alvor
Kva er vitsen eller poenget med å
vera ein kristen? Eg er redd at svært mange nordmenn, truande
som ikkje truande, ville seia at det er for å komme til
himmelen når du dør. Å
vera ein kristen blir altså ei slags investering som ein
kan/bør/må gjera for å sikre seg inngangsbillett
til himmelen. Så kan det variere kva ein konkret tenkjer at ein
må gjera for å sikre seg denne inngangsbilletten: Å
leva eit kristeleg/moralsk liv, ha ei rett tru eller ei rett
omvending, vera døypt og gjerne konfirmert eller det som i
våre dagar blir meir og meir vanleg er å tenkje: at Gud,
i sin store nåde, truleg vil opne dørene til himmelen
for alle menneske til slutt likevel, men da blir det jo ikkje noen
særleg vits i å vera kristen heller.
Her meiner eg at ortodoks teologi slik den gjev seg
uttrykk i ikonane, og kyrkjefedranes teologi i det heile, kan hjelpe
oss til å sjå klarare kva Bibelen held fram som målet
for våre liv og innhaldet vårt kristne håp: Det er
å bli likeforma med Kristus. Vårt eigentlege liv som
døypte kristne er løynt med Kristus hos Gud i himmelen
(Kol 3,3) og målet for vårt liv er å stadig meir
bli prega av dette nye mennesket heilt til vi, når Kristus kjem
tilbake, skal stiga fram i herlegdom saman med han. (Kol 3,11-17).
Himmelen er ikkje ei løn som Gud gjev til gode eller
rettruande menneske, nei, det er det å vera god, ja, fullkomen
og guddommeleg som er himmelen og utan denne nyskapinga kan
ikkje himmelen tenkjast. Denne nyskapinga kan
berre Gud gjera i dei som frivillig overgjev sitt gamle eg til Han
(til «dagleg drukning i dåpens vatn», er biletet
Luther brukar om dette i katekisma).
Det er klart at denne nyskapinga først blir
fullført når vi i evigheten skal sjå Jesus som han
er, og verta lik han (1 Joh 3,2), men den startar her i dette livet,
for dei som ser Herrens herlegdom, som i ein spegel og vert omlaga
til det same bildet, frå herlegdom til herlegdom (2 Kor
3,18). Denne herlegdomen er det som strålar i Kristi ansikt og
som dei ortodokse ikonmålarane vil framstille for vårt
ytre, men derigjennom òg for vårt indre, blikk.
Det er òg i denne samanhengen at helgenane òg
blir viktige. Det blir viktig å fortelje, i ord og bilde, om
dei som har opplevd og synleggjort krafta i Jesu oppstode (Fil 3,10).
Ikkje slik at vi reknar med at dei heilt ut vart
fullkomne i det livet dei levde her på jorda: «Tru ikkje
at eg alt har nådd målet eller alt er fullkomen»,
seier Paulus (Fil 3,12), men i same samanhengen seier han òg:
«Ver med mellom dei som vil likna meg brør, og sjå
på (mi utheving) dei som rettar
seg etter det føredømet vi har gjeve dykk» (Fil
3,17). Når Paulus ellers talar om det han har fått gjera
for Kristus, talar han om «den Guds nåde som er i meg»
(1 Kor 15,10) på ein måte som gjer det klart at nåden
ikkje berre er noko som skjer i himmelen, men òg i høgste
grad er ei kraft som verkar på jorda i liva til dei som tek
imot han.
Eg har i annan samanheng (Flø 2003) teke til ords
for at også Den norske kyrkja bør skaffe seg sin
offisielle helgenkalender. Eg skal ikkje her gjenta argumenta for
dette, men berre til slutt minne om den nære samanhengen det er
mellom kapittel 11 og 12 i Hebrearbrevet. Kapittel 11 handlar om den
store skya av trusvitne, menneske som gjennom sine liv viste at dei
ved trua såg fram mot det som Gud hadde lova. Kapittel 12
handlar om å leva med augo festa på Jesus, han som er
truas opphavsmann og fullendar (Hebr 12,2) og målet med dette
er at vi skal verta heilage som han (Hebr 12,10). Til dette er det
ikonane er laga: Å hjelpe oss å halde augo retta mot
Jesus, slik at vi, saman med alle hans mange heilage vitne, kan nå
fram til fullendinga i det vi blir Han lik.
English Summary
The author describes his meeting with
Eastern Orthodox spiruality. The church
buildings and the icons reflect another way of thinking. Churches in
the West are made for giving us the conception of history. We are on
our way in history, from one point to another. In the Orthodox
churches we are already participants in the eternal life – the
direction is upwards. The icons and saints helps us to keep our eyes
on Jesus.
Litteratur
Achen,
Henrik von 1989.
Bilder av en annen virkelighet, Ikoner
av Solrunn Nes i
Katalog til utstilling Historisk Museum,
Bergen, Internett
www.ikonmaleri.no
Danbolt,
Gunnar 1996.
Den østlige og vestlige
spiritualitet. Om den østlige og veslige kirkes fromhetsliv,
slik det ytrer seg i bilder i
Kulturmark. Perspektiver på europeisk
historie og tankeliv. Red Kate Hansen Bundt og Lars Martin Fosse
Flø,
Øystein
2003. En
norsk luthersk helgenkalender? i
Luthersk kirketidende nr 12/2003 s283-284
Lindbeck,
George A. 1984.
THE NATURE OF DOCTRINE Religion and
Theology in a postliberal Age, The
Westminster Press Philadelphia 1984
Lindbeck,
George A. 1988.
The Reformation Heritage and Christian
Unity i
The Church in a Postliberal Age, George A
Lindbeck edited by James J Buckley, SCM
press London 2002
Mastrantonis,
George 1982.
AUGSBURG AND CONSTANTINOPLE The
Correspondence between the Tübingen Theologians and Patriarch
Jeremiah II of Constantinople on the Augsburg Confession
, Holy Cross
Orthodox Press Brookline, Massachusetts 1982
Nairobierklæringen om
gudstjenesteliv og kultur. Oversettelse ved Torbjørn Holt i
Norsk Tidsskrift for misjon 4/1996, s 259-264.
Nes,
Solrunn 2000.
Mysteriets formspråk,
Alma Mater 2000
Pelikan,
Jaroslav 1974.
The Spirit og Eastern Christendom
(600-1700) i
The Christian Tradition, A history of the
Development of Doctrine, The
University of Chicago Press 1974
Tollefsen,
Torstein 2001.
Teologi i farger
, Verbum 2001
Ware,
Timothy (Kallistos)
1997. The
orthodox Church, New edition, Penguin
1997
Øystein Flø, f. 1957, sokneprest i
Byåsen. Postboks 3340 Hallset, 7427 Byåsen,
oeflo@online.no
|